Naustet ved Hesjadalsvatnet
Her ser me naustet og båten til Alf Dalheim. Båten vart bygd av Olav Bolstad frå Lånefjorden. Han var båtbyggjar og onkelen til Alf.
Plassering i kart
Naustet og båten tilhøyrer i dag Bodil, dotter til Alf Dalheim. Det har såleis ikkje følgt med bnr. 28, Dalheim.
I båten ser me Anna Dalheim (t.v.) og Norveig Nesse. Dei har truleg vore og sett garn. Det var sikkert stølshelg i Dalheimselet. Til vanleg var gjestene bedde når det var stølshelg.
Fjellet bak til høgre går opp til Ljossalen. Munkeggi og Øvrebotnen ligg i skodde.
Naustet ved Hesjadalsvatnet av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.