Sidemeny+

Minne frå Langedalen 2

Posted on 26. mar 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Kari og Turid Gjerde har minne frå fjella i Langedalen og livet der. Eg, Turid, var 9 år gammal då eg fyrste gongen gjekk saman med sauene og lamma til Langedalen i 1942.

Plassering i kart

Kari hadde budd i Langedalen saman med budeiene og var lokalkjent der. Ho drog meg med ut på dei store moltemyrane, nedover mot Høyanger og opp til Sverdrupshytta. Der fekk me kome inn å sjå på alt det fine dekketøyet.
Medan Kari var i Langedalen vart ei av budeiene, Janna Bjelde, alvorleg sjuk. Ho måtte fraktast med båt på Kaldosvatnet. Ved Roesvatnet vart ho frakta over juvet ved Novi på ei bane som berre var for varer. Dei batt henne fast til bana med fru Colleander Skurdal ved sida, og køyrde over juvet. Sidan med den store bana ned til Høyanger. Janna Bjelde vart bra og kom seinare opp att til Kaldosstølen.
Eg fekk mange turar denne sommaren. Far gjekk ofte til Langedalen. Han likte godt å gå over fjellet. Elles måtte me ta båten til Høyanger og så bana opp. Han bar med seg ein tung sekk med god mat til budeiene, og ost heim att. Det var knapt om mat under krigen, men ein del fekk me kjøpt på rasjoneringskort. Heime på garden vart det laga mykje mat, mellom anna godt potetflatbrød.
Kari skulle leda meg heim frå Langedalen ein gong, og me var åleine om å dra avstad. Ein av karane hadde fortalt Kari at han hadde sett ein jerv sitje på ein stein ved Galden. Me følte oss ikkje særleg trygge på turen. Kari gjekk med raske steg. Matpause vart det ikkje. Oppe på høgda møtte me skodda, men Kari kjende steinane og leda oss fint ned mot Krokane. Nista åt me medan me gjekk nedover Yglebotnen.
Året 1945 måtte Kari vere heime. Ho gjekk i presteskule og skulle konfirmerast om hausten. Denne sommaren var ho 14 år gammal. I august månad skulle ho gå åleine til Langedalen. Ho skulle møta karane frå Balestrand ved Langekrene. Dei skulle buføre heim storfeet og Kari skulle leie heim «Svarta». I ryggsekken hadde ho med seg fire ferske loff frå Offerdalsbui. Dette var sjeldan vare i fredsåret.
Heim att skulle ho bere alle pengane frå Kaldosstølen i sekken. Dei skulle ho levera i banken på måndagen. Det var pengesanering dette året. Like rask på foten som alltid, kom ho til Langekrene, men der kunne ho ikkje stå og vente med jerven i tankane. Ho nesten sprang forbi Galden. Karane kom heseblesande til Kaldosen og fortalte at dei ikkje hadde funne Kari. Men ho var alt komen fram. (Buføringa heim har eg fortalt om tidlegare).
Kari likte å mjølka kua til Gamleheimen i Balestrand, for ho var så lett å mjølke. Eg likte å mjølka dei unge geitene, for dei var så greie. Mjølka av kyrne måtte ho notere, for eigaren fekk ost tilbake for mjølka.
Det fine stølslivet var det berre Lars, Kari og Turid som fekk vere med på. Me var seks sysken og alle vart godt kjende med Langedalen. For alle var med sauene og lamma til og frå. Leif flytta til Oslo. På ei buføring drog han med seg Brit Solberg Gjerde frå Sarpsborg og Lars Halvard Ese. Det var hans fyrste tur over fjellet med sauene og lamma. For Brit vart det eit mektig møte med Vestlandsfjella. For Lars Halvard vart det ein uendeleg lang dag og ei lang sommarnatt. Han sovna før han nådde senga på Kaldosstølen.
Anders Gjerde døydde 4. juli 1972. Då var det slutt med dyra i Gjerde. Men Lars Halvard Ese går kvart år til Langedalen med sine sauer. Han har ny hytte ved Kaldosstølen og ny kano på Langavatnet, men selet er borte no.

CC BY-NC 4.0 Minne frå Langedalen 2 av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Turid Farnes, 2003.
Kommune: Langedalen