Kyr på beite i Tenndalen
Bilete frå Tenndalen i 1996, det andre året Jacob Christensen støla her. Kyrne er litt blanding av jersey, trønderfe og raudkolle.
Plassering i kart
Til høgre på biletet ser me selet til Oskar Linde, med torvtak. Framom dette står ei «kasse» (der det står to personar attmed) som var fjøsen til Arne Thorsnes. Der var det plass til dei to kyrne hans. No har vind og snø øydelagd den.
Midt på biletet er selet til Reidar Sæle.
Nest lengst til venstre er selet til Per Tusvik, og lengst til venstre (med torvtak) er selet til Jacob Christensen.
I 1930-åra var det to budeier som stidde i alle sela. Det var Anna Linde Tennefoss og Hilda.
Hilda hadde 18 kyr og Anna 22 mjølkekyr. Alle bruka hadde hest og ofte unghestar, kviger og ungbeist i tillegg. Kalavane hadde dei heime for det vart for tungt for dei å følgja kyrne. Alle desse beista skulle ha mat, så det var bra at det var godt beite.
I alt kunne her vera 10 – 15 hestar. Heime bar dei høyet inn på ryggen medan hestane var på beite i Tenndalen. Når dei var ferdige med våronni heime, vart dei sleppte til skogs. Då fór dei til Tenndalen. Der måtte dei hentast når dei skulle buføra.
- Kyrne på biletet er av tre ulike rasar: jersey, trønderfe og raudkolle.
Kyr på beite i Tenndalen av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.