Kvild på Killingaholten – på tur til Harevollnipa
Biletet er teke på Killingaholten, der turgjengen har teke kvild. Utsikt mot Torsnes og Dalsdalen. Lengst ute mot horisonten oppe i biletkanten kan ein sjå Keipen.
Plassering i kart
Personane på biletet er Bjørg Boge, Gerd Tove Ulvestad Lund, Sven Arild Lund, Brita Ulvestad, Leif Ulvestad, Ranveig Andersen, Vanja Rødseth og Ane Holte. Dei to siste var bærplukkarar.
Det er øvste punktet på fjellpartiet ovafor Ulvastad som har fått namnet Holten. Killingaholten er salte og samleplass for sauene, kvileplass på vegen til Harevollnipa, og her er fin utsikt.
Namnet har truleg tilknyting til killing – avkom av geit, men dette er ikkje sikkert dokumentert.
- Turgjengen har teke seg ei velfortjent kvild på Killingaholten. Dei skal vidare til Harevollnipa.
Kvild på Killingaholten – på tur til Harevollnipa av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.