Sidemeny+

Kattugle

Posted on 22. mar 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Vaksen kattugle.

Fyrst i juni kan du uforvarande kome for nær ungane til ein del fuglar som ikkje nøler med å jage deg bort. Fiskemåsen stupdykkar berre for å skremme deg, men nokre kattugler kan vere svært aggresive, ja til og med angripe deg.

Plassering i kart

Reirplass
Alt i mars/april legg kattugla sine tre kvite egg. Som oftast vil kattugla legge reiret sitt i innhola tre, ugleholk eller i eit gammalt kråke-, skjor- eller hønsehaukreir. Det er ikkje nok å berre sette opp ein ugleholk og så håpe ugla tek han i bruk. Eit 5 cm tjukt lag med sagflis i botnen må til. Ugla byggjer ikkje sjølv reir, så dei runde egga vil trille bort i eit hjørne om det ikkje er noko reirmateriale i holken.

Andre enn ugla nyttar også ugleholkar.
Ekorn eller mår kan og nytte ugleholk til ungane sine. Ekornet stikk då ofte ut kvistar gjennom holet slik at ugla ikkje greier å kome seg inn og fortrenge ekornet. Til og med den vesle spettmeisa kan fortrenge ugla ved å mure igjen holet slik at berre ho sjølv kjem seg inn.

Reirtid og meny.
Hofuglen rugar knapt ein månad før ungane blir klekte. Alle rovfuglungar er kvite ved klekking. Den små eggtanna på overnebbet viser godt dei fyrste dagane. Dette er ein liten utvekst på nebbet som hjelper ungen til å skjære hol i eggeskalet når han skal ut av det.
Ungane blir ca ein månad i reiret. Det er aldersforskjell på ungane. Ruginga starar når fyrste egget er lagt og egga blir lagde med ein/to dagars mellomrom.
Hofuglen rugar og hannfuglen ordnar med mat til ungane. Det er enkelt å registrere når ugla er i næleiken, for da er det eit høglydt hylehor i hælane på fuglen. Spesielt svarttrast og gråtrast er aggresive og farleg nær kattugla. Dette er forståeleg når ein tittar opp i buret. Menyen er stort sett fugleungar: trast, raudstrupe og liknande.

Ver på vakt
Kattugla er spesielt aggresiv når ungane skal ut av reiret. Dei fleste fuglane stupdykkar etter deg, men unngår kollisjon i siste augneblinken. Har sjølv erfart at kjem du for nær ungar som nettopp har forlete reiret, fyk ugla rett i hovudet på deg. Farten er stor, flukta er lydlaus og samanstøyteten kan fort gje deg nakkesleng. Du er ikkje førebudd i det heile.

CC BY-NC 4.0 Kattugle av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2006