Sidemeny+

Idyll på Hjellsengi

Posted on 25. mar 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Hjellsengi er bruk nr. 30 under gard nr. 82, indre Nesse. Biletet er teke mot nord med Flatnip i høgre biletkant. Stovehuset til venstre og løa til høgre.

Plassering i kart

Wilhelm E. Nesse kjøpte bruket i 1935 av farbroren, Ivar Person Nesse. Edvard og Henny Nessestrand leigde slåtten og huset på Hjellsengi nokre år etter krigen. Hesten tilhøyrer Wilhelm Nesse.
Personane på biletet er, frå venstre: Anna L. Nessestrand med ungen sin, Leif E. Nessestrand, Marit E. Nessestrand, Henny Nessestrand og Edvard L. Nessestrand.

CC BY-NC 4.0 Idyll på Hjellsengi av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anna Dalheim, 2003.
Kommune: Hjellsengi