Frå stølslivet på Breidstølen
Frå stølslivet på Breidstølen ein gong i slutten av 1940-åra eller i byrjinga av 1950-åra.
Plassering i kart
Biletet er teke mot aust med Endreselet i bakgrunnen. Selet er no eigd av Gerd og Egil Nesse.
Lengst til venstre på biletet er Anna Dalheim. Ho hadde seks kyr og lånte selet til bruket Setane, – no eigd av Ingvar Linde. Dette leigde ho éin sommar.
Lengst til høgre på biletet er Gunnar Dalheim.
Frå stølslivet på Breidstølen av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.