Bruket til Henrik Tennefoss
Biletet syner Henrik Tennefoss sitt bruk på garden ytre Tennefossen. Fjøsen til venstre og våningshuset til høgre. I bakgrunnen ser me bruket Vetlesfossen på garden indre Tennefossen, og heilt i synsranda er Flødna.
Plassering i kart
Fjøsen til Henrik Tennefoss vart bygd i 1929. Våningshuset er frå 1908. Johan Måren, i Furehaugen, var bygningssjef. Murrestane framfor våningshuset er restar av gamlefjøsen. Til høgre for desse står restane av eldhuset. Her budde dei medan dei bygde våningshuset i 1908. Lengst til høgre står eit hus med torvtak, det var brukt som grisehus. Utanfor biletkanten stod ein bygning som vart nytta som stall. Imellom grisahuset og stallen stod utedoen. Til høgre for stallen stod to stabbur.
I mellom stova og fjøsen stod vedhuset. Det var berre ein meter mellom kjellardøra og vedhuset.
Bruket til Henrik Tennefoss av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.