Sidemeny+

VETTISMORKI

Posted on 9. feb 2004 by in Jordbruk

Ein kvil på trappa til Morkabu. Foto: P.A. Løvdahl

Naturperla Vettismorki er eit område med stølar og gamal kjempefuruskog mellom 650 og 800 moh. Frå enden av flatområdet stuper Vettisfossen seg ut.

Plassering i kart

Historikk
Frå gamalt av henta årdølene tømmer frå Vettismorki. Området har i mange hundre år vore dekka av stor furuskog. Under kopargruvedrifta i Årdal på byrjinga av 1700- talet tok koparverket ut mykje tømmer. Nytt uttak av tømmer skjedde i perioden 1850 og fram til ca.1900-talet. I desse periodane blei tømmeret om vinteren sleppt ut via ei 6 m. lang renne i Vettisfossen. I perioden på 1800-talet blei tømmeret fløytt heilt til saga i Indre Ofredal.
Morki var i lang tid heimestøl for gardane som hadde sommarstølen i Fleskedalen. I samband med stølsaktiviteten vart det bygd ei sag der, som i dag er restaurert.
Pga. fluoren frå aluminiumsverket i Øvre Årdal på 50/60-talet vart mykje av skogen skadd. Fluoren skadde også beiteområda og såleis husdyr og villdyr. Jordbruket i heile Utladalen måtte etter dette innstillast.
Flora
Vettismorki ligg i lågalpin sone, på grensa mellomalpin og fjellbjørkeskog. Rundt Morki er det urskog, som består av furu, bjørk og litt alm og hassel. På stølsområdet er det både vierbusker og rogntre. Tyrihjelm er ein av dei grasartane det veks mykje av her. Denne arten veks berre i indre strøk av Vestlandet. På Morki er det også mykje av det spesielle huldregraset. Her veks det og austerurt, engnellik, fjellfiol og snøfiol. Vettismorki ligg innan Utladalen Landskapsvernområde.

CC BY-NC 4.0 VETTISMORKI av aardal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Utladalsheftet - Sogelaget