Sidemeny+

Utstyr i gamle dagar

Posted on 10. feb 2004 by in Kunst og kultur

Foto: Sigmund Holtencbn

Bilete av sko som dei brukte i gamle dagar

I gamle dagar var det ikkje så enkelt som vi har det i dag. Då måtte dei lage alle tinga sine sjølv, og det var ikkje alltid like lett, må vite.

Plassering i kart

Sjølvhjelpne for det meste

Det meste av det dei laga før i tida, var av materiale som til dømes halm, tre og strå. Elektronikk og andre tekniske maskiner var sjølvsagt heilt ukjente. Skorne som dei sydde, var for det meste laga av halm og strå, og ein måtte jammen ha både tålmod og vere fingernem for å få det til som det skulle. Tre var ein viktig ressurs når dei skulle lage saker og ting. Viss ein ser på gamle ting, er det brukt tre til nesten alt,ja, kva anna kunne dei bruke?

Skikkeleg arbeid
Dei brukte også ein heilt anna byggjeteknikk når dei bygde for eksempel hus og fjøs. Det er berre eit nytt teikn på korleis ting vert modernisert; det kan godt hende at byggjeteknikken dei brukte før, var mykje tryggare; då gjorde dei i det minste arbeidet skikkeleg.

Gardsdrifta minkar

I Skor har gardstalet vorte redusert med over 15 gardar på mindre enn 50 år. Det verkar som folk ikkje har tid til slikt lenger. Ein bruk dei har drifta framifrå, er garden på Holten. Han har gått fint framover i fleire hundre år, og eigarane viser ikkje teikn til å gje seg med det første heller.

Interessant besøk
Då eg og ein annan klassekamerat var på besøk hos Sigmund Holten, fekk vi sjå mykje interessant utstyr som var fleire hundre år gammalt, litt spesielt. Ein snedden liten sak som han viste oss, var ei seng som dei brukte i gamle dagar som dei kunne utvide ved å dra i eine enden etter kvart som ungane vart større. Artig. Nei, teknikken går framover, men kanskje vi fortsatt har noko å lære av det dei måtte gjere før i tida ?

CC BY-NC 4.0 Utstyr i gamle dagar av raymond_albertsen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Raymond Albertsen/2004
Kjelder: Sigmund Holten
Kommune: Skor