Sidemeny+

Utmark og fjell på Dalsheia.

Posted on 6. feb 2004 by in Landskap

Utmarka og fjellområdet oppe på Dalsheia
vart veldig mykje brukt både av lokaleigarane
og andre som mangla utmark.
Der gjekk både sauer og kyr og andre dyr om
sumrane.

Plassering i kart

Bruken av utmarka

Bruken av utmark og fjell var veldig viktig, og vart mykje brukt av bøndene som eigde gardane stølane høyrde til. Til og med folk frå andre plasser nytta utmarka.
Til dømes bønder frå Lifjorden tok med kyrne sine opp og hadde dei der heile sommaren.
Ein gard hadde òg ei løe oppe på fjellet, så litt av slåtten gjekk også føre seg der.

Dyra

Utmarka var eigd av dei gardane som hadde stølar der, og dyra som vandra i utmarka, var for det meste kyr og sauer, men og andre dyr gjekk der oppe.
Dyra kunne vandre lange distanser på fjellet, og nokre gonger måtte budeiene heilt inntil Langevatnet for å hente dyra.

CC BY-NC 4.0 Utmark og fjell på Dalsheia. av eirik_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Eirik Systaddal og Jørn Solås, 2004
Kjelder: Munnleg informasjon frå Jonhild Systaddal
Kommune: Dalsheia