Stølslivet

Jonhild som budeie på Dalsheia i 1947.
Før i tida var det vanleg att kyrne beita i
utmarka på fjella, og då måtte budeiene
bu på stølane for må mjølke dei kvar morgon
og kveld.
Plassering i kart
Arbeidet
Budeiene på Dalsheia stod opp klokka 7 om morgonen for å mjølke kyrne.
Dei måtte også sile mjølka og hente vatn til kyrne. Etter det var det frukost før dei sat i gang med vasking av askar.
Ein kokte sprakar til reinsevatn for det reinsa og lukta godt.
Deretter måtte dei mate kyrne. Så gjekk dei ned på garden, jobba og åt middag.
Etter middag gjekk dei opp at mjølka kyrne og silte den.
Dagen for ei budeie var med andre ord – hektisk.
Plagar
Om sumaren då det var veldig heitt var det nokre svære fluger som heitte Kubrems.
Dei sat seg på ryggen til kyrne, bora seg nedi og la egg.
Dette var svært ubehageleg for kyrne og dei blei ville og vanskelege å ha med å gjere.
For å lindre smerta tok dei kyrne i ein skjeneflor for å kaste vatn på ryggen deira.
Om kvelden var det ikkje kubrems, men mygg som plaga.
Det var irriterande, men ikkje på langt nær så smertefullt som Kubrems.
Urter mot ubehag
På stølane hadde dei ikkje allverdas medisin slik ein har no tildags og ein måtte bruke det ein fann. Bukkeblad var ei verdfull ressurs og er fortsatt i bruk som apotekurt. Bukkeblad kan bli 15-30 cm høg og veks på myrer, ved bekkar og vassbredder heilt opp til 1150m over havet.
Planta er brukt som medisin for ei rekke plager og sjukdommar: nervøsitet, brystsjukdomar, gulsott, utslett, sår og mykje anna.
Dei tjukke jordstenglane vart tørka og malt til mjøl for å få nok mjøl til brød i naudsår.
Dåtidas mobiltelefon
Før i tida då dei trong hjelp og det var langt frå folk kunne dei ikkje berre ringe med mobiltelefon slik dei kan no, då måtte dei bruke det ei hadde.
Eit eksempel på bruk av dette var ein gong ei budeie på Dalsheia trong hjelp til å fange ei ku som kom på avvege.
Då gjekk ho ut på kanten av fjellet og blas med ho greidde. Nede på garden var dei ute og jobba, men då dei
høyrte lyden frå bukkehornet sat dei til fjells for å hjelpe til.
-
Jonhild som budeie på Dalsheia i 1947. Foto: AvisutklppEigar: Jonhild Systaddalcbn
Stølslivet av eirik_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.