Stølsbotn
I gamle dagar var alle stølane i Brendsdal samla på ein plass. Denne plassen vart kalla Stølshogen, men rundt 1918 vart det utskifting. Alle som hadde ein støl, flytta han til utmarka si. Stølen til bruk nr.2 vart flytta inn i Stølsbotn.
Plassering i kart
Ny støl
I 1920 flytta Lasse O. Brendsdal stølen sin inn i Stølsbotn. Stølen vart flytta eit par hundre meter lenger inn i dalen. Stølen vart bygd større, og det vart og bygd ein stor fjøs. Det var tungt arbeid, og om sommaren hadde Lasse fem-seks drengar i arbeid. Stølen er bygd av tømmer som er hogge i Bjørndalen – dalen under stølen. Her vart det bygd eit sagbruk som vart drive av vasskraft. Tømmeret vart saga opp, og deretter frakta opp til stølen med hest.
Fjøsen vart murt av gråstein og sementert.
Mykje arbeid
Om sommaren var det var mykje å gjere i fjøsen, for det var blant anna 5-6 kyr, 2-3 kalvar og ein hest. Det var og mange sauer på sommarbeite.
Kyrne vart mjølka morgon og kveld. Mjølka dei fekk, vart separert til fløyte og skumma mjølk. Fløyten vart surna til rømme, og rømmen vart kinna til smør. Så vart smøret vaska fritt for saup. Av saupen lagde dei prim, og surmjølka vart brukt til gammalost. Dette vart klyvja på hesteryggen.
Planar om å dyrke
Innanfor stølen er det ein stor botn; denne blir kalla Stølsbotn. Lasse Brendsdal hadde store planar om å dyrke opp jorda i Stølsbotn, men tidene forandra seg så det vart ingen ting av. Men området vart mykje brukt til beite for dyra rundt stølen.
Det blir framleis sleppt dyr på heia rundt stølen, men dette er berre sauer. Desse sauene kjem frå bruk 2 og 3.
Stølsbotn av anders_tveito er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.