Sidemeny+

Skor i gamle dagar

Posted on 5. feb 2004 by in Ferdsle, veg og sti

Nordaust i Hyllestad ligg det ei lita bygd noko aude til, men velkjend. Den vesle bygda som heiter Skor, er godt kjent for kvernhusa og ”Den Trondhjemske Postvei”.

Plassering i kart

Flata under fjellet

Mange av gardsbruka i Skor har sine bratte bakkar å stri med på innmarka, men her er òg vide flater. Namnet ”Skor” tyder rett og slett ”ei større flate under fjellet”. Etter gamal smørskyld var Skor ein av dei største gardane i Hyllestad.

Det var liv i gamle stover

I 1801 vart det registrert i alt 39 bufaste personar her. I 1865 finn vi 59 menneske i ti hushald, medan folketalet voks vidare til 79 i 1900, fordelt på 14 hushald. Medan folketalet i Hyllestad voks sterkt fram til 1865 og deretter flata ut, ser vi at busetnaden i Skor også auka på slutten av 1800 talet. Kvar i Skor den første busetnaden kom, er det ikkje godt å seie. Det er mest sannsynleg at det var i Indre Skor.

Kalde vintrar

Fjella i Skor gjer at det er mykje kaldare om vinteren her enn elles i Hyllestad. Sjølv om frosten kan komme tidleg, og her ofte var veldig lite korn, har gardsdrifta vore fullt på høgde med dei andre gardane i Hyllestad. Her har vore skog til eige bruk, og særleg i Indre Skor har ein hatt god nytte av tømmerskogen. Skor er alt i alt ei lun og triveleg bygd med ei lang og interessant historie.

CC BY-NC 4.0 Skor i gamle dagar av raymond_albertsen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Raymond Albertsen
Kjelder: Munnleg informasjon frå Sigmund Holten
Kommune: Skor