Skor i dag

Litt av Skor. Ein kan sjå det gamle skulehuset og to av gardane.
I dag er Skor ei fredeleg, lita bygd. Litt aude ligg ho til, men ho er likevel framleis kjent for dei 5 kvernhusa som står i Indre Skor. Over 2000 besøkande frå mange forskjellige land, mest frå Japan og Tyskland, bestemmer seg for å få med seg minne frå kvernhusa i den vesle bygda.
Plassering i kart
Kvernhusmiljø og gamal postveg
At det kjem over 2000 besøkande frå fjernt og nært til kvernhusa kvart år, er i seg sjølv ganske imponerande. Men Skor er ikkje berre kjent for kvernhusa. Den Trondhjemske Postvei går også gjennom bygda. Det vart utført eit stort restaurerings-prosjekt med både kvernhusa og postvegen i 1993. Kvernhusa blitt restaurerte 3 gonger i si tid, postvegen berre ein.
Ein fredeleg plett
Det kjem ein del snø i Skor, og det er ikkje lite kaldt heller, men viss du er ein middelaldrande person, og likar at det er stille rundt deg og gjerne har ein hobby som inneber arbeid på gardsbruk, så er Skor plassen for deg. Det kryr ikkje av ungdomstilbod, men der er verandes for ungdom også. Skog er det massevis av, fin granskog, så ein går ikkje tom for ved i alle fall. Skor har vore og er framleis ei koseleg, lita bygd der ein kan bu i fred og ro.
Skor i dag av raymond_albertsen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.