Sidemeny+

Sidensvans

Posted on 12. feb 2004 by in Dyreliv

Sidensvans er ein trekkfugl som kjem frå nord til Vestlandet i oktober (november). Utpå våren ser vi sidensvansen i flokkar på omlag 20 som er på trekk nordover.

Plassering i kart

Sidensvans
Som de sikkert har sett, så har Sidensvansen vore her i Gloppen no omlag 1 mnd.(oktober). Han kjem også forbi vårt distrikt i mars/april på trekk nordover. Fuglen er lett å kjenne på høg, raudbrun fjørtopp på hovudet, gilde raude og gule terningar på vingene og stjerten og fin trillande låt. Han er ein selskapeleg fugl. Flukta er rask, og liknar på staren si.
Han er omlag 20 cm lang, og hannen og hoa er omtrent like. Han har reir i tre; av kvistar, mose,skjegglav og strå. Har eit tre i hagen så kan du sjå etter han no på denne tida. Rugetida er på ca.14 dg. Ungane si reirtid er på ca.15-17 dg. Hoa og hannen matar med oppgulp.
Lokketonen er kortare eller lengre trille, som ein elektrisk ringeklokke «ssrrriiii».Sidensvansen et mest bær frå hekk): Kontonasters(Mispel), Rognebær og Krossved.
Hekkeområdet er i Finnmark, så Sidensvansar er berre på besøk her på Vestlandet.Han rugar uregelmessig i Finnmarks furuskogar, skjeldan sørover til Trøndelag, Nordmøre og Hedemark.
Bombycilla garrulus er det latinske namnet på Sidensvans.

CC BY-NC 4.0 Sidensvans av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ingelin Flølo, Gloppen 9b. 2003
Klassetrinn: 9. kl
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU