Sidemeny+

Reiskapsbruk i kvernsteinsberget

Posted on 5. feb 2004 by in Arbeidsliv

Foto: Chris Nondalcbn

Spisshakke eller hammar og jernmeisel kan løyse slike steinar frå berget.

Det flyt ikkje over av fagstoff om hoggeteknikk og reiskapsbruk i kvernsteinsberget.
Få er dei som har forska på dette temaet, og lite av reiskapane er tekne vare på. Slett ikkje så rart når ein meiner at produksjonen på Myklebust til dømes vart påbegynt kanskje så tidleg som på slutten av 900-talet og vart avslutta på 1300-1400-talet.

Plassering i kart

Spor etter steinhoggaren

Ein ekte steinhoggar var nok både ein kunstnar og faglærd handverkar. Skulle resultatet verte godt, måtte han kjenna til det som var spesielt for steinslaget anten det no var lagdelinga, sprekker eller årer av mineral og andre bergartar som kunne lage ”ein strek i rekninga”. Ja, til og med lyden i berget kunne seie noko om korleis resultatet ville verte.
Reiskapane han nytta, tok han vel vare på, for det er lite funn av desse i kvernsteinsgruver og hoggeplassar kringom. Men uttaksspor som er å sjå mange stader, fortel oss ein god del om kva hjelpemiddel hoggaren brukte.

Kvernjernet

Kvernauget skulle fyrst markerast. Eit hoggjern eller meisel vart truleg brukt, eller var det mest høveleg å bruke spisshakka? Denne hakka hadde spissar i begge endane, og ein smedkunning trongst til å skjerpe reiskapen når spissane vart sløvare etter dagar i steinbrotet.
Kvernjernet var namnet på denne hakka, og ho var nok sentral i dei fleste fasane i hoggeprosessen.

PÅ ein av gardane i steinbrota i Hyllestad, Øn, er det i ei grav frå yngre jernalder m.a funne ein jernmeisel.Ein del av treskaftet på meiselen sit att,og lengda har til saman vore 17,4 cm. Dette kan vere ein reiskap som har vore brukt i steibrota.

CC BY-NC 4.0 Reiskapsbruk i kvernsteinsberget av chris_nondal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Chris Endrè Sellevoll Nondal, 2004
Kjelder: Johs. B. Thue: Livets steinar. Leikanger Skald 2000 Irene Baug: Kvernsteinsbrota i Hyllestad. Kongsberg 2002 Tove Rønneseth: Kvernsteinsprosjektet. 1996
Kommune: Myklebust