Sidemeny+

Raudstjert. Rødstjert (Phoenicurus phoenicurus)

Posted on 12. feb 2004 by in Dyreliv

Foto: Lars Bjørkelandall-rights-reserved

Raudstjert hann

Den vesle raudstjerten høyrer til i trostefamilien. Han er ikkje så veldig vanleg, men her i Gloppen kan du finne han bla i Røsskleivdalen.
Våren 2003 hekka eit raudstjertpar i ei fuglekasse på Rauset. Det var slik eg oppdaga denne fuglen

Plassering i kart

Om du får auge på denne fuglen, er han lett å kjenne igjen. Enten det er ho-, hann- eller ungfugl, står den rustraude stjerten ofte og dirrar.Raudstjerten er ein trekkfugl som kjem til Noreg i april/mai og blir her til oktober/november, men mange overvintrar og.
Utsjånad
Ca 14cm, 16g. Hannen har kvit panne, svart strupe og askegrå isse. Ryggen, halen og brystet er raudbrun. Hoa er meir einsfarga gråbrun. Ungfuglen er brunspraglete.

Biotop og føde
Om du vil sjå raudstjerten, finn du han som oftast i lauv-, blandings- og furuskog. Han finst over heile landet, men er ikkje så vanleg… heller sjelden. Du finn han også i parkar og hagar. Han lever av insekt og edderkoppar.

Hekking

Reiret til Raudstjerten kan du finne i treholer, under takstein, i holrom på bakken eller fuglekasser. På eit redskapshus på Rauset hadde eg fuglekasse med raudstjert i , våren 2003. Eg såg fyrst berre reiret og trudde det var svart og kvit flugesnappar i kassa. Etter at eg såg fuglen og snakka med naturfaglæraren, fekk eg vite det var raudstjert i kassa.
Reiret var bygt av strå, rottrevlar, mose, fjør og hår og likna litt flugesnapparen sitt reir. Hoa rugar i 11-13 dagar på egga sine, og etter 14-17 dagar forlet dei reiret. Fuglen kan ha to kull pr år.

a

CC BY-NC 4.0 Raudstjert. Rødstjert (Phoenicurus phoenicurus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kjersti Rauset 9a 2003
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU