Sidemeny+

Raudstilk (Tringa totanus)

Posted on 11. feb 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Raudstilk

Denne fuglen hekkar i fjøra og opp i 600-700m høgd. Han er svært aggresiv om du kjem for nær reiret hans. Berre trykk på lydsymbolet og høyr sjølv.

Plassering i kart

Raudstilk

Både ♂ og ♀ er ca.28 cm. Raudstilken er ei sterkt brunspetta snipe med raudt nebb(mørk spiss) og lange eldraude bein. I flukt er han lett gjenkjenneleg på brei, kvit bakkant på vengene, noko han er aleine om. Overgumpen er kvit, og stjerten er tverrstripa i mørkt og kvitt. Når raudstilken sit, nikkar han ofte kraftig bakover med hovudet og vippar bakenden opp og ned.

Vinterdrakta
Oversida er einsfarga gråbrun, og undersida er kvit med spreidde flekkar. Han kan forvekslast med ungfugl og vaksen sotsnipe i vinterdrakt. Ungfuglen har lyse fjørbremmer på oversida og gulaktige bein.

Sang
Raudstilken lokkar karakteristisk »tjuu tju-hu-hu». Fluktspelet er raskt »tiliu-tiliu-tiliu..» eller »tliu-tliu-tliu».

Utbreiing
Du finn han i heile landet, frå kyst til vierregionen., i Sør-Norge. Helst i kyst og bjørke/vierregionen. Raudstilken held til i fuktige engmarker, i myrar og ofte ved vatn.
Reiret er som oftast i ei grop fôra med strå. Han får (3)-4 egg i mai-juni. Egga er grågulaktige med grå og mørkebrune flekkar. Hannen og hoa rugar i 22-29 dagar, og ungane blir flygedyktige ca. 27-35 dagar gamle. Raudstilken et insekt, ormar og sneglar etc.
Raudstilken kjem i (mars)-april-mai, og reiser i august-september-(november) til SV-Europa og Afrika. Han overvintrar regelmessig nord til Trøndelag.

CC BY-NC 4.0 Raudstilk (Tringa totanus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kenneth Solheim 10b 2005