Sidemeny+

Postvegen i dag

Posted on 10. feb 2004 by in Ferdsle, veg og sti

Foto: Stian Nessestrandcbn

Starten på postvegen i Skor; Skors-bru

Restaureringa har ført til at det er lagt betre til rette med stiar imellom grendelag, langs vatn, over heiar og til fjells. Med andre ord er vegen blitt eit mykje betre turterreng for folk i alle aldrar

Plassering i kart

Felles identitet

1 1993, da postvegen var ferdig restaurert, vart det halden ei stor markering,26.06.93, der ein kunne få utdelt turmerke med motiv frå postvegen. Vegen er ein del av Norsk Vegmuseum, og ein felles identitet for Hyllestad og Fjaler. I dag er vegen ein bruksveg for gardsbruk, men også kjempeflott for turgåing, jogging, hestetransport osb. Men motorisert transport er ikkje tillate. På vegane kan ein finne ein god del stiar, vassvegar for padling, elvar og vatn med fisk i. Det er også lov til å prøve fiskelykka, men da må du først kjøpe fiskekort.

Fint turområde

Har ein bestemt seg for å gå ein tur på Den Trondhjemske Postvegen her i Hyllestad og målet er Skor, kan ein velje å begynne frå Systad, ca. 8,0 km, eller Øveråshøgda, ca. 3,0 km. Hugs å ta omsyn til dyr og plantar , og ikkje la søppelet liggje att. Ta det heller med deg!

CC BY-NC 4.0 Postvegen i dag av stian_nessestrand er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Stian Nessestrand, 2004
Kjelder: Ingemar Nordstrand: Postvegen Bergen - Trondheim
Kommune: Hyllestad - Postvegen