Sidemeny+

Øn-kyrkjene: Særmerkte soger

Posted on 12. feb 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Viss vi ser lenger tilbake i tida, ja, oppmot 700 år, ser vi at det har vore fleire kyrkjer på den same staden. Det er mange spennande historier knytta til dei, og her kan du lese litt om dei ulike Øn-kyrkjene som har vore reiste.

Plassering i kart

Stavkyrkje først reist

Den første kyrkja var omtala i eit latinsk skrift i 1327. Til Øn som andre stader i riket, kom kristendommen omkring år 1000.
Nokre av omtalane av Øn kyrkje kan vi finne i «Pavelige Nuntiers Regnskap- og Dagbøker» frå 1327 og i «Bergens Kalvskind», ei kyrkjeleg jordebok for Bjørgvins Bispedømme frå 1340. Der vert det skrive om kva presten hadde i lønn, kva han skulle ha av gardane i hans kyrkjesokn osv.
Det er ikkje så mykje som blei skrive om den eldste kyrkja, men det er nok til å vite at ho har eksistert, og at gudshuset låg på Øn. Truleg har det vore ei lita stavkyrkje, fordi folketalet i grenda var lågt.

Ny kyrkje på 1600-talet

Ingen veit nøyaktig når neste kyrkje vart bygd, men årstallet på eit måleri frå kyrkja leiar truleg mot at ho var bygd i omkring 1640. Måleriet skal vere av byggmeisteren.
Andre ting tyder på at kyrkja kunne ha vore litt eldre, men ho var neppe bygd før 1600.
Heilt i frå år 1665 til 1862 står det omtalar av korleis kyrkja såg ut, kva dei gjorde i samband med kyrkja, om reknskapen, og kven som kjøpte kyrkjebygget.
I år 1815 vert kyrkja omtala slik::
«Rundt kyrkjegarden, som var mindre enn no, var laag steingard. Storleiken var som den noverande utan koret, og ho laag paa same grunn som skipet no. Ho var bygd av godt timber, berre alved, bordklædd og tjørebredd. Tjøra laag i store klakar. Ho hadde pannetak. Taarnet var lengre enn det noverande, og var kledd med bord.«…»

CC BY-NC 4.0 Øn-kyrkjene: Særmerkte soger av laila_stene er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Laila Stene 2004
Kjelder: -"Kyrkjorne i Hyllestad i gammel og ny tid" av Th. Aaberg (sokneprest).
Kommune: Øn