Sidemeny+

Øn kyrkje – strid om stadval

Posted on 10. feb 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

I 1958 vart ei ny kyrkje bygd etter at den førre brann ned etter eit lynnedslag.
Det er sikkert nokon som lurer på kvifor ho står der, for staden der er ikkje Øn. Bakgrunnen er at det vart sterk strid om plasseringa av kyrkja mest fordi kommunen hadde dårleg råd.

Plassering i kart

Folkerøysting om stadval

Det var etter krigen at dei hadde folkerøysting om kvar dei skulle byggje opp kyrkja. Fleirtalet var for å sette ho opp på den gamle staden, men kommunen hadde dårleg råd. Striden stod på i mange år, og soknet blei splitta i to.

Interimskyrkje

Når det ikkje fanst noko kyrkje å gå til, blei bedehuset i Sørbøvåg brukt til interimskyrkje, som betyr mellombels kyrkje.
Bedehuset blei brukt heilt til den nye kyrkja skulle stå klar.

Ny kyrkjetomt

Litt etter tilbydde Johanne Salbu ei kyrkjetomt på vilkår av at staden blei brukt til å sette opp ei ny kyrkje. Da blei det gjort ei ny avrøysting, og 15. mai 1947, blei det fleirtal for å reise kyrkja på Johannes si tomt. Skiljet mellom dei som stemte for at kyrkja skulle reisast i Sørbøvåg, gjekk ved Salbuelva. Striden var bitter før det endelege vedtaket, men han var like bitter etterpå, for soknet blei no kløyvd i to.

Sørgjeleg strid

Det tok altså 18 år før kyrkja blei sett opp. Striden var sørgjeleg, og det hadde skadeverknader i kyrkjelyden heilt til nyare tid. Men no ser det ut som at striden ikkje betyr så mykje meir lenger, for soknet er samla.
Sjølvsagt er det fortsatt dei som ønskte at kyrkja blei reist på Øn, men dei fleste er nok einige i at ho passar best på Sørbøvåg.
Namnet blei det ikkje noko forandring på, for kyrkja hadde heitt det sidan år 1200.

Den gamle kyrkjetomta blei fortsatt brukt til gravplass, men folk sakna eit hus å ha gravferdene og minnesamlingane i, så i 1965 blei det reist eit kapell.

CC BY-NC 4.0 Øn kyrkje – strid om stadval av laila_stene er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Laila Stene, 2004
Kjelder: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. LektorHåkon Giil
Kommune: Øn