Sidemeny+

Øn kyrkje på Sørbøvåg

Posted on 6. feb 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Elisabeth B. Giilcbn

Øn kyrkje på Sørbøvåg

Øn kyrkje ligg så staseleg i sentrum av Sørbøvåg, og ruvar mot sola med kyrkjespiret.

Plassering i kart

Framleis same namnet

Dagens kyrkje i Sørbøvåg vart bygd i 1958 og vigsla 18.juni av biskop Ragnvald Indrebø. Dette var heile 18 år etter at forrige kyrkje på Øn brann ned. Sjølv om kyrkja vart reist på Sørbøvåg, vart kyrkjenamnet verande Øn fordi det har heitt det i 700 år. Difor hadde ingen noko ønske om å forandre namn på soknet eller kyrkja.

Bakvendt

Øn kyrkje er ei av svært få kyrkjer som er plassert med inngang frå aust og koret mot vest. Ho vart bygd slik av reint praktiske grunnar. Når ein kjem inn i gudshuset, er det noko som ikkje stemmer, nemleg det at preikestolen står på feil side. Preikestolane står nesten utan unntak på høgre side i kyrkjerommet. Men sidan kyrkja og er snudd, står preikestolen vel på ei vis rett plassert. Kyrkja vart bygd like før dei nye, moderne arbeidskyrkjene tok form. Betongkonstruksjonen vitnar om nye tankar kring materialvalet, og alterbiletet i korveggen, laga i enkel glasmosaikk, viser også ei ny og moderne haldning til utrykksforma. Elles er kyrkja ganske tradisjonelt utforma. Kyrkja blir i år restaurert for første gang sidan ho vart bygd i 1958.

CC BY-NC 4.0 Øn kyrkje på Sørbøvåg av elisabeth_giil er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Elisabeth Bjordal Giil, 2004
Kjelder: -På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, Band 2.Sogn. Munnleg informasjon frå Håkon Giil.
Kommune: Sørbø