Øn kyrkje frå 1870 til i dag
På den tid såg det ut som at det var ein slags ueinighet om kor den kyrkja skulle byggjast opp…
Når eit nytt kyrkjebygg skulle reisast, var det ikkje uvanleg at det stod strid om endeleg lokalisering. Slik vart det på Øn også. Til denne typen kyrkjestrid knyter det seg gjerne ymse soger – her som i andre deler av landet.
Plassering i kart
Kyrkjestriden blussar opp
På den tid såg det ut som at det var ein slags usemje om kor den nye kyrkja skulle byggjast.
Ein mann, Søren Hatlemsbotten, hadde gjeve kyrkja eit lite «kyrkjeskip»; han hadde hatt det frå då han var til sjøs. Skipet vart hengt opp i kyrkja på bryllupsnatta hans.
Sagnet fortel at somme ville ha kyrkja på Sellevoll og nokon på Åsmul, men til slutt blei dei einige om at ho skulle stå på «Diket», og der vart materialane tatt på land. Men ei natt var alt kome opp i «Gata». Det tok dei som eit varsel frå ei høgre makt om at der oppe var rette plassen.
Gravplassar under golvet
Kyrkja blei nedriven i 1870 fordi ho var begynt å rotne og var gamal.
Under kyrkjegolva fann dei mange likkister. Under preikestolen stod ei svær eikekiste. Der skulle ein prest ha vore gravlagd. Det var alminneleg i gamle dagar å opne opp kyrkjegolva og gravleggje prestane og kyrkjeverga der. Det vart fortalt at når dei hadde lagt der ei god stund, begynte det å lukte, og ein kunne sjå damene sitje med luktesalt framfor nasa.
Bygd på same tomt
Den nye kyrkja låg på den same tomta. Det var mange som ville at ho skulle liggje på Salbuøyra fordi det var eit kyrkjegods, og det låg meir sentralt. Men med omsyn til dei meir ytre stadane blei det bestemtat ny kyrkje skulle reisast på den same plassen. Kyrkja begynte dei å byggje våren 1870, og ho stod ferdig 30. oktober.
Kyrkja blei omtala som ei vakker, tømra langkyrkje, med tårn i vestre gavl, og eit sakristi på nordsida av koret. Utvendig var ho kvitmåla, og taket var dekka med store, firkanta skiferheller. I tårnet var det ei klokke av bronse der det stod «Laxevaags Verk» og «Af Kommunen anskaffet til den nye Øens Kirke 1870» .
I det vestre gavlen i kyrkja var det 12 benkerader og 18 stolstader på kvar side av midtgangen. Det var berekna 300 sitteplassar, men kyrkja kunne romme meir.
Øn kyrkje frå 1870 til i dag av laila_stene er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.