Øen gravkapell
Porten inn til Øn gravstad
På den staden mange skulle ønske at Øn kyrkje låg, ligg Øn gravkapell vakkert til og tek mot stråleflaumen både frå morgon- og kveldsol.
Plassering i kart
Kyrkjetomta på Øn
Den eldste skrivemåten for Øn er :Æn eller An. Kva det kjem av, er det ingen som veit sikkert. Det kan hende at Øn eingong i tida låg ved utløpet av Ramsgrøvassdraget. Men så vidt vi veit, har kyrkjetomta vore den same frå det blei bygd kyrkje på Øn.
Gravkapellet på Øn
På den staden der kyrkjene stod fram til 1940, ligg no Øn gravkapell. Gravstaden og det vesle kapellet ligg på et høgdedrag med utsikt innover og utover fjorden. På porten inn til gravstaden står det Øen kyrkjegaard anno 1228, året då den første Øn kyrkje etter det ein veit, vart reist på denne tomta. Men etter at Øn gamle kyrkje brann ned 1940, vart gravkapellet reist på denne tomta på midten av 1960-talet. Kapellet vart bygd av eit lokalt firma og av svært tilfeldige, enkle og rimelige matriale. Grunnen til at det vart så enkelt, var at dei nett hadde bygd ei så vel utrusta kyrkja, at det ikkje var behov for noko stort kapell.
Kyrkjeklokka
Klokka som er i kapellet, fekk dei av Andreas Gjertsen etter at kyrkja brann ned i 1940. I perioden frå kyrkja brann ned til kapellet blei bygd, stod klokka i eit klokketårn på gravstaden. Det er 60-70 sitteplassar i kapellet. Til vanleg held dei begravelsane i kyrkja viss ikkje det er bedt om å få kyrkja, eller viss kapellet er for lite til å romme alle saman. Det blir og halde ei årleg gudsteneste i kapellet, i samband med turen frå Skor til Øn, rundt jonsok. Skor høyrde tidlegare til Øn sokn.
Øen gravkapell av elisabeth_giil er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.