Sidemeny+

Nesje Fort under andre verdskrig

Posted on 9. feb 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Krigsminne, Ymse

Sommaren 1940 starta den tyske marinen bygginga av eit kystfort på Nesje. Byggeleiinga var tysk, men store delar av arbeidet vart utført av norske entreprenørar og arbeidarar.

Plassering i kart

Nesje Fort bygd av nordmenn

Nesje Fort var stridsklart sommaren 1940, og kampoppdraget var å kjempe ned sjømål og sperre innløpet til Sognefjorden. Eigarane på garden, Gerhard og Alise Nesje, fekk lov til å bu eit lite stykke frå fortet, men 19. juni fekk dei ikkje lov til å bu der lengre; dei hadde tre dagar på å flytte buskap, klede og alt anna dei trengte.
I 1941- 42 var Nesje Fort ein einaste stor byggeplass, tyske ingeniørar og soldatar, norske entreprenørar og arbeidarar jobba for fullt.
På det meste var det 240 nordmenn i leiren.

”Tordenskjold”

Dei fyrste kanonen som kom til Nesje, var kanonene frå panserskipet ”Tordenskjold”. Tyskarane tok dei mens skipet låg opp- ankra i Horten. Skipet var gammalt, og kanonene i dårleg stand, og det skulle vise seg å ikkje vere eit spesielt godt val av tyskarane.
Kanonene vart utskifta i 1943 med Skoda i frå Tsjekkia.

Skyteulukke

Ein sommarkveld i 1941, nærare bestemt 28 juli, skjedde det ei tragisk hending. Det var skarpskyting den kvelden, og det var normalt 8 mann på kvar kanon. Men det hadde kome nye rekruttar, og dei var fordelt med 5-6 mann kvar plass. Ulukka skjedde då sluttstykket ikkje var skikkeleg på plass, og granaten slo tilbake. Heile kanonmannskapet på 13 mista livet.

Falsk alarm

Det einaste angrepet som nokon gong har vore på Nesje, var då nokre fly kom flygande over leiren. Tyskarane trudde det var britane som hadde gått til angrep og begynte å skyte. Eit fly vart skote ned.
Til deira store overrasking var det eit tysk fly dei hadde skote ned.
Etter denne litt komiske hendinga vart kapteinen på fortet sparka.

Mineopprydding

I løpet av krigen vart det lagt ut over 1000 miner, fordelt på 4 minefelt rundt Nesje. Etter at tyskarane kapitulerte våren 1945, vart det sett i gang ryddeaksjon. Om sommaren var minene rydda vekk og aksjonen ferdig, trudde forsvaret. Men diverre – i september same året gjekk hesten på garden på ei landmine berre seksti meter frå huset.

Brakkene etter krigen

Dei fleste av brakkene vart etter krigen sendt til Finnmark; dei som stod igjen, er i dag brukt av Heimevernet. Den eine vart derimot ungdomshus i Lifjorden, men er diverre lite brukt i dag.
Ei av offisersbrakkene vart bustadhus i Leirvik, men har seinare vore brukt til barnehage. I dag er denne bustaden i privat eige.

CC BY-NC 4.0 Nesje Fort under andre verdskrig av kristian_bygnes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristian Rysjedal Bygnes 2004
Kjelder: Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er Kysten. Munnleg informasjon frå Gunnar Nesje
Kommune: Nesje