Sidemeny+

Nesje Fort i framtida

Posted on 9. feb 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Krigsminne, Ymse

Foto: Kristian Rysjedal Bygnescbn

Bunkersane som vart brukt som tilfluktsrom viss tyskarane vart angrepne.

I dei siste åra har Nesje Fort vore brukt av Heimevernsdistrikt 10, men slik vil det jo ikkje alltid vere. Tidene forandrar seg og mange ting blir ikkje som før.

Plassering i kart

Kva vil skje med Nesje Fort?

Svein Flo, major og NK stabsjef ved HV 10, fortel at i 2003 blei det bestemt at Nesje Fort skulle nedleggast i den form fortet har i dag. Dette inneber at Fjordane Heimevernsdistrikt 10 avviklar eigartilhøvet sitt og overlèt dette til Forsvarsbygg. I løpet av 2005 skal Nesje tilbakeførast til grunneigaren, dersom det ikkje skal definerast som bruksområde for andre militære avdelingar.

Ein stad for Sjøheimevernet og heimevernsungdom

I ein overgangsperiode vil det vere noko aktivitet på Nesje Fort. Men dette blir betydeleg mindre enn i dag. Det som skal oppretthaldast i denne overgangsperioden, er kommandoplassar, kaianlegg og skytebane. Det vil i hovudsak vere Sjøheimevernet og heimevernsungdom som kjem til å vere synlege i framtida. Dei store øvingane som tidlegare har vore, vil verte historie i løpet av dette året og åra som kjem.

Kjem Nesje Fort til å bli brukt viss det blir krig i landet?

Som sagt er det planlagt å legge ned Nesje Fort, og området skal tilbakeførast til eigaren. Viss det blir krig, vil dei anten transportere folka frå Hyllestad kommune til ein tryggare stad utanfor området, eller så vil dei bruke tilfluksrom på Nesje Fort til å beskytte folka. No kan ein militærbase midt i Noreg skyte ut ein mobilt radarstyrt rakett for å knuse motstandarane, så det er ikkje så nødvendig å ha fort som på Nesje under ein krig som det var før.

Ny forandring på Nesje Fort

Etter at krigen var over og tyskarane drog sin veg, begynte Forsvarets Heimevernsdistrikt 10 å forandre Nesje Fort til ein treningsleir for soldatar. Men i 2003 bestemte Forsvaret å nedlegge Nesje Fort i 2005 og levere det attende til grunneigaren. Vi veit ikkje kvifor HV 10 tok denne avgjersla, men Gunnar Nesje har sikkert framtidsplanar for området kring Nesje Fort.

CC BY-NC 4.0 Nesje Fort i framtida av richardo_vergara er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Richardo Vergara, 2004
Kjelder: Informasjon frå: Forsvaret HV 10
Kommune: Nesje