Sidemeny+

Lihesten

Posted on 10. feb 2004 by in Landskap

Foto: Kenneth Engdalcbn

Lifjellet med Gygrekjeften sett ifrå Hyllestad

Høgfjellet i havgapet og fylkeskysten sitt mest markante fjell,
Lihesten, er eit eldorado for fjellglade fotfolk og etterkvart og klatrarar. Ja,faktisk har ekte våghalsar funne det spanande å utforske smale og djupe kløfter som også finst i dette fjellandskapet.

Plassering i kart

Viktig lande- og siglingsmerke

Gjennom tidene har dette særmerkte
fjellmassivet i Hyllestad vore
eit viktig lande- og siglingsmerke;
både for barske vikingar på veg
heim frå tokt i vesterlei og i hundreår etter hundreår for fiskarane i småbåt på denne delen av kysten.

Eit samlande symbol

For folk i Hyllestad kommune er Lihesten eit samlande symbol,med noko trolsk og mystisk, men likevel tiltrekkjande ved seg.
Sjølve toppunktet vert kalla
Gygrekjeften, 711 meter over havet, og dit går det
kvart år ein turmarsj kalla «Lihest-klyvet».

CC BY-NC 4.0 Lihesten av stian er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Stian Igland 2004
Kjelder: Brosjyre som omtalar turmarsjen "Lihestklyvet", Ingemar Nordstrand.
Kommune: Lihesten