Sidemeny+

Lekvastien

Posted on 9. feb 2004 by in Jordbruk

Vegen som går frå gardane på Lekva, fører opp til stølane på Lifjellet. Har du stål i bein og armar og er fri frå høgdeskrekk, er det ei oppleving å ta seg opp gjennom Nipestien direkte mot Gygrekjeften. Men forresten – lytt til røynde fjellfolk før du legg i veg !

Plassering i kart

Stiar og stølsliv

Stiane var før som no vegen til fjells. Om sommaren vart dei brukte til å jage opp kyr på fjellet og same vegen bar det ned att på hausten. Sjølvsagt var det ofte turar til bygds med mjølk og mjølkeprodukt.

Nye tider

I løpet av hundre år har stiane forandra seg mykje. Til dømes har det vakse opp masse sprake og lauvtre,for beitinga er ikkje lenger så intensiv. Difor var stiane opnare før slik at ein kunne jage og hente kyrene lettare.

Stien vert bygd

Den stien som var nærmast garden, var den som vart mest brukt.
Folk lagde stiane med boring og krut, og mura og planerte til der vart ein brukbar sti.
Når dei skulle hente kyrene og sauene, vart stiane mest brukt.
Stien var bratt og vanskeleg, men det gjekk bra alle dei åra dei nytta vegen.

Vardar på fjellet

For å ikkje gå seg bort når tåka kom sigande, bygde budeiene steinvardar fram til beite- og mjølkeplassane.

CC BY-NC 4.0 Lekvastien av sigbjorn_lekva er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Sigbjørn Lekva, 2004
Kjelder: Munnleg informasjon frå Svein Rune Lekva.
Kommune: Lekva