Sidemeny+

Lauvsangar (Phylloscopus trochilus.)

Posted on 11. feb 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Lauvsangar

Lauvsangaren hekkar frå fjøresteinane til 1000 moh. Han er vanlegast av alle fuglane i landet vårt. Lauvsangaren kjem i april og du kan høyre songen hans heile sommaren.

Plassering i kart

Lauvsangar
Lauvsangaren er ca. 13 cm lang.
Det er lett og forveksle lauvsangar med gransangar.
Lauvsangaren er ein av våre vanlegaste fuglar, og
du finn denne fuglen over heile landet.
Han likar seg nesten like godt i lauv- som i barskog.

Hekking
Det er ikkje noko lett sak å finne reiret til denne fuglen.
Reiret ligg direkte på bakken, er overbygd og har inngang frå sida.
Byggematerialet er strå og mose og det blir fôra med fjør.(sjå bilde)
Hoa legg 6-7 kvite egg med raudbrune prikkar og rugar i ca tretten dagar. Ungane blir i reiret i ca.fjorten dagar. Lauvsangaren kan ha eitt-tre kull i mai-juni og juni-august.
Lever av insekt. Lauvsangaren er ein trekkfugl som kjem i april/mai og reiser til Sør-Afrika i august/oktober.

CC BY-NC 4.0 Lauvsangar (Phylloscopus trochilus.) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Susanne Merkesdal Gåsemyr 10a 2005
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU