Sidemeny+

Kyrkjebrannen i Øn

Posted on 6. feb 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Øn gravkapell ligg på garden Øn, som har gitt soknet namn. Tidlegare kyrkjer i soknet har stått på morenehaugen gravkapellet no står, med flott utsikt både innover og utover Åfjorden.

Plassering i kart

Lynnedslag

Siste kyrkja som stod på Øen, fekk ein dramatisk ”død” i 1940 då lynet slo ned og starta ein brann. Folk som budde i nærleiken, strøymde raskt til for å berge kyrkja si. Men brannen var i sterk utvikling. Ingen av dei frammøtte hadde nøklar, men ein av dei yngre karane som tidlig hadde kome til kyrkja, Nils Salbu, hadde vore snarrådig nok til å få med seg ei øks. Med øksa ville han gå laus på døra, slik at dei kunne komme seg inn og berge det av inventaret som kunne bergast.

Hærverk på Guds hus

Men Salbu og dei andre som ville inn i kyrkja vart stoppa av ein kyrkjeleg tilsett som nekta dei å gjere hærverk på Guds hus. Han skjønte ikkje då at kyrkja var i ferd med å brenne ned, og at fleire ting kunne blitt redda om berre dei hadde kome seg inn. I staden gjekk det så gale som det kunne gå. Alt inventar i kyrkja gjekk med i brannen; altertavla kyrkjesongaren Jakob Salbu hadde måla, det gamle alterkorset som hang ved sida av preikestolen, ei gammal altertalve frå førrre kyrkja, sølvkalken frå 1629, fleire flotte lysestakar, eit gammalt portrett av presten Christen Jenssøn, ein fin messehakel- alt saman uerstatteleg!!

Ei traumatisk oppleving

Det er nok fullt mogleg at Salbu og dei andre som prøvde å ta seg inn i kyrkja, følte situasjonen som ganske traumatisk når dei blei stoppa frå å berge dette. Lynet slo ned i kyrkje trass ho var utstyrt med lynavleiar, men denne skal på dette tidspunktet vore ute av funksjon. Ei årsak til at lynet slo ned, kan vere at det vart gøymt våpen under golvet i kyrkja. Det var uver og sterk vind den dagen kyrkja brann, og dei næraste gravene og gravsteinane vart og øydelagde i samband med den triste hendinga.

CC BY-NC 4.0 Kyrkjebrannen i Øn av elisabeth_giil er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Elisabeth Bjordal Giil, 2004
Kjelder: -På kyrkjeferd i sogn og fjordane, Band 2. Sogn.
Kommune: Øn