Sidemeny+

Kvitkurle Leucorchis albida

Posted on 11. feb 2004 by in Dyreliv

Kvitkurle er ein heller uvanleg orkide i Nordfjord. Litt av grunnen til dette er at han er kalkkrevjande, og på desse kantar er det lite kalkgrunn. Inne i Fagredalen er det eit kalkrikt område, der det veks fleire sjeldne blomstertypar. Kvitkurla finn du i eit av dei få andre kalkrike områda i Gloppen, nemleg i Svarthammaren ved Svinestranda.

Plassering i kart

Utbreiing
Kvitkurle er ein orkide som likar seg på fjellgrunn med høg pH. Desse basiske bergartene er det lite av i Gloppen. Dei beste områda å sjå etter denne type plantar, er Fagredalen som ligg aust i kommunen mot Jølster og Svarthammaren som ligg ein times gange frå Austrheimstøylen.

Utsjånad
Kvitkurla er ca 10-20 cm høg og blomstrar i juli – august. Akset er litt einsidig med kvite blomster som luktar sterkt og godt. Knollane er flika og liknar på eit knippe røter. Orkideen veks på eng og bakkar på kalkgrunn, myr og reinroseheier. I Jotunheimen finn du han opp til 1800 moh. Kvitkurla veks og i fjellet i Europa, Færøyane, Island, Grønland og Vest Sibir.

CC BY-NC 4.0 Kvitkurle Leucorchis albida av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2009
Kjelder: Fjellflora: Olav gjerdevoll og reidar Jørgensen