Kvernhusa
Knuten - denne er grunnprinsippet i huskonstruksjonen
Sjølv om husa har blitt restaurert ein del gonger, har dei behalde plassen sin i motsetning til konstruksjonen, som har endra seg minst like mange gonger. Det er ein avansert, men ganske praktisk konstruksjon vi i dag kan sjå.
Plassering i kart
Orientering
Om ein står på steinbrua og ser opp på huset lengst oppe til venstre, ser ein eit litt gøymd hus, som er det eldste huset av dei alle fem. Heilt nedst til venstre ser ein tydeleg eit litt større hus enn dei andre. Dette huset er ikkje blitt brukt til å male korn om til mjøl, men til å sage opp tømmerstokkar til bjelkar, altså eit sagbruk. Saga blei bygd i 1870, og var da ei oppgangssag. I 1897 blei den driven av eit turbinhjul, og restaurert til ei sirkelsag.
Konstruksjon
Det første kvernhuset som blei bygd opp, var ikkje av den konstruksjonen som vi i dag kan sjå. Det var med prøving og feiling at bøndene kom fram til den daglege konstruksjonen. Grunnmuren på husa er stabla opp av steinar, og deretter av tre med ein knute (tre delar som er sett saman), og oppå knuten er sjølve huset bygd. Frå kvernsteinane og ned til kvernhjulet som er vassdrive, er det montert ein stokk, som får den øverste steinen til å gå rundt. Over kvernsteinane står kassen som kornet skal vere i, som blir kalla kvernteina. Under kvernteina er svinet plassert. Pinnen som heng attmed svinet, er stakepinnen. Den går ned i steinen, sånn at han ristar ut kornet frå svinet. Etter lang tid og mange stakepinna blir det ein sirkel i kvernsteinen. Nedanfor steinane, på golvet, står mjølkassen, der kornet til slutt hamnar oppi. Alt i alt er konstruksjonen veldig enkel.
Kvernhusa av stian_nessestrand er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.