Sidemeny+

Hovland-Risnesstølane

Posted on 10. feb 2004 by in Jordbruk

Dei to gardane, Hovland og Risnes, starta stølsdrifta på slutten av 1800 talet og dreiv med støling fram til første åra etter 2.verdskrigen.

Plassering i kart

Hovland-stølane:

For å kunne drive stølsdrift på desse to gardane måtte dei gjere stien opp på fjellet gåande for kyrene. Ved foten av brattaste fjellet måtte dei leggje opp ein om lag 2 meter høg mur i ei lengde på 10-15 meter. Denne stien vart brukt av begge gardane.
På Hovlands-stølen vart det bygt 3 sel eller stølsbuer. Alle materialar og utsyr var bore til fjells på ryggen. Det var nok eit slit for stien er svært bratt, og stølen ligg om lag 550 meter over havet. Stølen var i bruk heilt til første åra etter krigen, og eitt av sela stod til rundt 1970.

Stølsjentene, eller budeiene, budde på stølen om somrane. Det vart for travelt å gå den bratte vegen opp og ned kvar dag.
Hovlandsstølen låg på vegen over fjellet mellom Lifjorden og Storaker, og vart såleis også nytta til kvileplass for folk som for den vegen.
Sela vart ikkje vedlikehaldne etter at stølsdrifta tok slutt, og etter kvart datt dei ned. Berre grunnmurane vitnar no om aktiviteten som ein gong var i dette området.
Det er no bygt oppatt ei lita hytte om lag der dei gamle sela stod.

Risnesstølen:

Risnes hytta blei bygd første gang i 1889 og blei bygd opp at i 1989.
Risnesstølen vart bygd etter Hovlandstølane og var før ein av 4 i det området. Det vil sei at Hovland og Risnes hadde til saman 4 stølar, og ein av dei høyrde til Risnes, tre til Hovland.
Ein kan rekne med at turen til hytta tek i sakte gåfart ca. 2 timar.
Den nye hytta vart bygd oppe på fjellet, men materialane vart flogne opp med helikopter.
Turen frå hytta til Risnesnipa teke mellom 15-30 minutt.
Eigaren av Risneshytta er Oddvar Hatlem.

CC BY-NC 4.0 Hovland-Risnesstølane av nico_friedrich er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Nico Friedrich, 2004
Kjelder: Munnleg informasjon frå Sigrid Løvø og Oddvar Hatlem
Kommune: Hovland-Risnes