Sidemeny+

Historie om Kvernhusa

Posted on 10. feb 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Stian Nessestrandcbn

Kvernhusa

For at folk før i tida skulle få lage seg t.d. graut, brød og flatbrød, måtte dei både dyrke og male kornet sjølve, det var sjeldan at det var nokon andre som gjorde det for dei. Det var når kornet skulle gjerast om til mjøl, at kvernhusa kom inn i biletet.

Plassering i kart

Korn til mjøl

Tidleg om våren blei kornet sådd, og blei hausta inn i august/september. Men sjølv etter denne perioden var det ikkje klart for maling. Først måtte det to menn til, som skulle slå korna frå stråa med ein slags kjepp. Eit arbeid som ikkje berre var gjort på ein dag, men over lengre tid. Deretter skulle kornet tørkast, for hadde ein fuktig korn i kverna, klistra det seg fast. Det var ein nokså lang og strevsam prosess, frå første kornet kom i jorda til det hamna i mjølkassen i kvernhuset. Men det var også dei som syntest at arbeidet var litt artig. Spesielt då det var tid for å bryggje juleølet. Då samla bøndene seg i kvernhusa, og fekk både sosialt samvær og juleøl.

Restaurert

Før kvernhusa vart tekne utav bruk på 50- talet, var det berre under krigen at bøndene ikkje brukte dei, fortyskarane skulle ha full kontroll over alt som føregjekk.
Men… dette er mange år sidan. Vi veit at dei første husa truleg er frå 1700/1800 talet, og at dei i dag har gått gjennom minst tre fornyingar. I 1990- 1993 blei husa restaurert, mykje av arbeidet var det Ingemar Nordstrand som stod bak. Han samla inn pengar, og ordna til ein rekke dugnader som resulterte i det som vi i dag seier er ”kvernhusa i Skor”. Eit prosjekt som kosta rundt 1 million.

CC BY-NC 4.0 Historie om Kvernhusa av stian_nessestrand er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Stian Nessestrand 2004
Kjelder: Munnleg informasjon frå Sigmund Holten
Kommune: Indre Skor