Sidemeny+

«Havørn»-ulukka – eit fælsleg minne

Posted on 5. feb 2004 by in Arbeidsliv

Foto: Håkon Haukøycbn

Utsikt frå Nipestien mot Risnesnipa der Havørn havarerte.

16. juni 1936 rende transport – og passasjerflyet » Havørn » i sørenden av Lifjellet ved Risnes. Det var tidleg på morgonen, og ei mørk og tett morgonskodde velta over fjellet. Det var 7 personar om bord i flyet; alle omkom.
Dette var den største flyulykka her i landet fram til då!

Plassering i kart

Lifjellet i skodde.

Folket i Lifjorden høyrde berre eit kraftig smell. Grunna skodda den dagen var det vanskeleg å forstå kva som skjedde. Men dei forstod snart kva som var røyndom ! Dei høyrde ein klar flydur som brått tok slutt med eit smell.
Magnus Lundeland, som mjølka kyrne sine, sleppte alt han hadde i hendene og sprang ned og varsla politi! Lensmannen i Hyllestad kom straks til stades med 20 mann. Men grunna skodda kunne dei ikkje sjå nøyaktig kor flyet var styrta. Då skodda letta sakte men sikkert opp, fann dei to lik nede ved fjellfoten, og dei såg maskina liggje 500 meter lenger oppe.

Fjellklatrar frå Bergen.

Ut over ettermiddagen kom båten ?Vulcanus? frå Bergen med fjellklatrarar.
Det var for vanskeleg å komme seg ned frå fjelltoppen, så dei måtte klatre opp.
Eit stykke opp i fjellsida fann dei to lik til og nokre delar av maskina. Fire lik var ein uformeleg masse og ikkje råd å kjenna igjen. Dei som var lengst oppe, såg eit lik henge utpå ei berghylle. Mest truleg var dei to siste passasjerane om bord igjen på ulykkesstaden. Klatremannskapa klarte ikkje å klatre heilt opp.

Årsak til ulykka.

Det som er mest truleg, er at den tjukke skodda måtte vere årsaka til at ?Havørn? styrta i fjellet, 100 meter for lågt i det stupbratte fjellet. Ruteflyet passerte staden når det skulle vidare til Nord ? Noreg. No er det gitt ut hefte frå Norsk Luftfartshistorie: ?Havørn ulykka?.

CC BY-NC 4.0 «Havørn»-ulukka – eit fælsleg minne av kenneth_engdal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kenneth Engdal, 2004
Kommune: Lifjellet