Sidemeny+

Fortet ved Sognesjøen

Posted on 10. feb 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Krigsminne, Ymse

Foto: Per Einar Buene og Kristian Rysjedal Bygnescbn

Midt i Nesje Fort

Nesje Fort er opprinneleg eit gammalt fort som tyskarane bygde under andre verdskrigen. Fortet vart bygd på Nesje fordi det ligg ved munningen av Sognefjorden, og tyskarane kunne kontrollere innseglinga.

Plassering i kart

Kva blir Nesje Fort brukt til i dag

HV-10 har brukt Nesje som øvingsplass i dei siste åra. Området er HV-10 10207.
Frå krigen og heilt til 1997 har det stått kanoner som heimevernet har brukt til øvingar.
Det er mykje skog og kratt i området der heimevernsoldatane lærer krigføring. Dei lærer å skyte med forskjellige våpen. Heimevernet har dei siste åra bygd skytebaner i området. Det er skytebane på 200 meter, 100 meter, 50 meter, og det er ei pistolbane på 30 meter. Bana på 100 meter er brukt til å trene med AG-3 og andre våpen.
Det er plass til 80-90 mann i leiren, og dermed er det mange sovebrakker. Sovebrakkene er restaurerte etter krigen, slik at det er ingen av dei som er slik som dei opphaveleg var. Så mange menn treng også mykje mat, så det er også ei stor kantine med nybygd kjøkken.

Kanonane og kanonmannskapet

Frå 1943 kom det nye kanoner, nokre Skoda-kanoner. I 1951 vart dei skifta ut med nokre tidlegare russiske kanoner, og i 1975 kom det to amerikanske kanoner. Det står ikkje nokon kanoner på Nesje no. Men kanonstilingane er der enno. Det har vakse opp mykje skog der som dei fleste kanonstilingane er. I midten av syttitalet kom dei fyrste kanonøvingane på Nesje. Heilt fram til nitti-talet har det vore kanonmannskap på Nesje.
Bunkersen til kommandosentralen for kanonene står enno. Bunkersen hadde ein veldig spesiell kikkert som vart brukt til å måle avstand og grader til målet dei skulle skyte på.

Kai og bunkersar

På Nesje har dei ikkje berre ei kai, men to. Det er ei lita kai som blir brukt til litt mindre båtar og ei til større båtar. Nesten alle bunkersane som vart bygd under verdskrigen, står enno. Bunkersane vart brukt til tilfluktsrom og oppbevaring av ammunisjon. I dag står dei fleste tomme. Men ein av bunkersane er bygd om til ein komanndosentral, og det er faktisk ganske nytt utstyr der. Datamaskinene kan jo sjølvsagt ikkje bli brukt til dei nyaste 3D spela, men er greie nok til sitt bruk. Maskingeværstillingar er det òg ein del av rundt omkring på fortet; uheldigvis for tyskarane fekk dei aldri bruk for dei.

CC BY-NC 4.0 Fortet ved Sognesjøen av per_einar_buene er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Per-Einar Buene 2004
Kjelder: Munnleg informasjon frå Gunnar Nesje, 6953 Leirvik i Sogn
Kommune: Nesje