Fjellrype. Fjellskarv, blå-rjupa Lagopus mutus.Ptarmigan
Fjellrypebestanden kan variere mykje frå år til år. Rypekulla får gjerne vere i fred for rev og rovfugl, om det er lemenår. Rypejakt gjev mosjon til mange og det vert gjerne ei rype eller to i gryta og. Er du heldig kan du skyte fleire rype på eit skot.
Plassering i kart
Fjellrype
Fjellrypa er ca 36 cm høg, lit mindre enn Lirypa, og ho har mykje spinklare nebb.
Ho er ikkje særleg sky. Du kan kome ganske nært innpå før fuglen tek til vingane.
I vinterdrakt er begge kjønn snøkvite med svart stjert. Einaste forskjell er at hannen har ei svart stripe frå nebb rota og opp imot auget (manglar hos lirypa)
I vårdrakta er hovud, hals og forkropp hos hannen svart med kvite flekkar. Resten av kroppen er heilt kvit.
I haustdrakt har hannen fint vatra blågrå ryggside, hoa er omlag lik, men mykje mørkare.
Vingene er kvite året rundt. Rypa rugar i fjelltrakter over heile landet.
Hekking
Ho lever høgare til fjells enn lirypa. Fjellrypa har sitt viktigaste ruge-område øverst i vierregionen. Ho byggjer reir på bakken, gøymt i lyng, under ei busk, bak ein stein eller i heilt åpe terreng.
Ho legg 7-11 egg i juni- (juli). Hoa rugar i ca. tre veker. Rypemor er ein meister i å spele skada om du kjem for nær reiret eller nyklekte unganar som er ute av reiret. Sjå bilde.
Mat
Krekling, bjørk og tyttebærlyng utgjer vinternæringa. Kyllingane tek mykje innsekt om sommaren.
Rypa er svært stasjonær, men om vinteren flytter ho gjerne ned i bjørkebeltet.
-
Fjellrype i vinterdrakt Foto: Jens Guleall-rights-reserved
-
Fjellrypa si overnattingsgrop.
Foto: Svein HjelmesetDesember 2003all-rights-reserved
-
Rypekylling Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Fjellrypa er oppdaga av fotografen og trollet til høgre i bildet 13. juni-04 Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Rypemor prøver å jage meg bort frå ungane sine. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Fjellrype Foto: Jens Guleall-rights-reserved
-
Fjellrype i flukt Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Hofuglen med steggen i bakgrunnen Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Fjellrype. Fjellskarv, blå-rjupa Lagopus mutus.Ptarmigan av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.