Sidemeny+

Fiskemåse

Posted on 23. feb 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Fiskemåse

Fiskemåse er den vanlegaste måsen i Nordfjord. På Måseholmen i Selvågane er det fiskemåsen ilag med hettemåsen som dominerer. Denne måsen er i Gloppen heile året. Ho er mellomvert for måsemakk og er difor ikkje velkomen i høgareliggande fiskevatn. Eit eller fleire par hekkar ved fleire av fiskevatna i Gloppen.

Plassering i kart

Fiskemåse
Ca. 44 cm. Hannfuglen og hofuglen er like store. Fiskemåsen er mindre enn gråmåsen, men det kan vere vanskeleg å sjå på avstand. Ryggen og vingene er lyseblå og litt grå. Svarte vingespisser med tydelege kvite flekker. Har ei sommardrakt, og ei vinterdrakt. Vinterdrakta er små mørke flekkar på hovudet og halsen.

Hekking
Rugar både ved kysten og inne i landet, ved innsjøar og til fjells. Lagar reiret oftast på bakken, men også i tre. Byggjer det av strå, mose, pinnar og liknande. Legg 2-4 egg i mai, som er olivenbrune eller grøne, med brune flekkar. Fiskemåsen rugar i 24-30 dagar, og ungane kan fly etter 28-33 dagar. Dei nyklekte ungane har framleis den kvite eggtanna som du kan sjå framme på nebbet. Eggtanna blir brukt som ein boksåpnar for å skjære seg gjennom eggeskalet. (Sjå bilde). Føda er småfisk, krepsdyr, insekt, meitemark, sneglar, smågnagarar, bær, korn og avfall. Nokre trekkjer sørover i august-oktober, og returnerar i mars-mai, men mange overvintrar her i Noreg.

Plagsom hekking
Fleire fiske- og hettemåsar har siste åra vore eit problen på Gloppen ungdomsskule. Dei har bygt reira på taket, og når ungane er klekte, angrip dei forbipasserande. Ser ut for at vi løyste problemet sist sommar, så berre ta kontakt.

CC BY-NC 4.0 Fiskemåse av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristian 10 b 2005