Sidemeny+

Ferdslevegen

Posted on 6. feb 2004 by in Ferdsle, veg og sti

Foto: Håkon Haukøycbn

Godt å ha ein heller å krype under når uveret kjem i fjellet og skremtar og stup er vanskelege å oppdage.

Det var vanleg før i tida at folk gjekk frå
Hovlandsdalen til Dalsbygda. Stien vart nytta
av all slags folk, til og med folk som som
gjekk for presten.

Plassering i kart

Bruken av vegen.

Folk før i tida brukte vegen ofte, og damer frå Hovlandsdalen hadde det med å gifte seg med karar frå Akse, så det seier seg sjølv at stien vart mist like mykje brukt av unge som gamle.
Òg konfirmantar som gjekk for presten i Hyllestad, gjekk fredslevegen ned i Dalsbygda.

Ulykker.

Sjølv om vegen var godt kjend og mykje brukt, var det likevel ikkje
alltid like lett om ferdast over fjellet.
Ei jente skulle ein gong over fjellet. Det var skodde og veldig dårleg sikt.
Jenta skulle truleg til Akse, men so langt skulle ho ikkje komme.
Då ho skulle ta av og gå ned brekka, svinga ho for tidleg, og gjekk i staden ned Furefjellet. Berget var glatt, og jenta sklei og datt ned ein høg hammar og mista livet.

CC BY-NC 4.0 Ferdslevegen av eirik_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Eirik Systaddal 2004
Kjelder: Munnleg informasjon frå Jonhild Systaddal
Kommune: Dalsheia