– Far min klatra opp etter overlevande.
Ikkje alle i inste Lifjorden høyrde «Havørn». Men det skal vere sikkert at smellet av flyet var ikkje til å unngå å høyre. Så kva dette smellet var, og kor det kom ifrå, var det ikkje alle som visste.
Plassering i kart
Var på låven
Som vanleg var sju år gamle Erling Hofland på låven. Då flyet trefte fjellet var det ikkje til å unngå å høyre smellet som buldra innover Lifjorden!
Han kunne ikkje i sin villaste fantasi tenke seg at Havørn hadde brast i fjellet.
Der og då kunne han tru det var eit skot. Men den skarpe, høge lyden gjorde han svært usikker.
Redd for faren sin.
Grunna arbeid i Skor var faren, Harald Hofland, ofte vekke.
Men den dagen var han heime, og vart kalla inn til redningsarbeidet. Ei av oppgåvene var å klatre opp i fjellet etter overlevande.
– Eg var bekymra for han, men han var kjend i fjellet og var ein dyktig fjellmann frå før.
Dessvere vart det ikkje funn av overlevande. Å vere med på slikt redningsarbeid fører med seg syn som pregar deg i framtida, noko som ein godt kunne latt ver å sjå!
– Far min klatra opp etter overlevande. av kenneth_engdal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.