Sidemeny+

Eit falleferdig hus på Haugen

Posted on 9. feb 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Anette Tonning Wichstrømcbn

Huset som Johannes K. Hatløy eigde, slik det står i dag.

Ute på Sørbøvåg ved Allmeningen, i krysset der du kan ta av mot Dale, ligg det eit ganske så falleferdig og bortgløymd hus på garden Haugen. I det falleferdige huset ligg det fullt av bur og andre ting, ingen vegger, berre bur etter bur bortover. Og to gamle, rotne senger ligg i enden av huset. Kva hus kan dette vere? Jo, les vidare, og du vil få svaret.

Plassering i kart

Når skjedde dette?

I ca.1970 vart eit lite minkhus bygd inne i skogen. Mink vart ala opp for pelsen si skuld. Eigaren Johannes K. Hatløy bygde dette huset fordi han ville ha ei ekstrainntekt i tillegg til garden. Han dreiv arbeidet i ca. 20 år, og la ned verksemda kring 1990. Bura er no 35 år gamle. Han la ned fordi det ikkje var lønsamt lenger.

Kva skjedde med dyra?

Mest sannsynleg, etter avlivinga, vart pelsen sendt til ein pelsfabrikk, mens resten av dyret vart sendt til ein dyreforfabrikk. Johannes fekk hjelp av sonen sin. Dyra vart avliva med elektrisk støyt. Da dyra vart sjuke, gav Johannes og sonen, Kjartan Hatløy, dyra ein medisin som heiter B-total. Dette gav dei dyra med sprøyter når dyra såg pjuskete og tufste ut. Johannes lærte sonen sin å gje minkane sprøyter med medisin.
Pelsane brukte sikkert rike folk i byane når vinteren sette inn. Dyra levde i bur med små mat- og vatnskåler. Eg vågar å tru at dei vart behandla bra fram til den stunda då dei vart avliva. Det var jo trass alt ganske vanleg på den tid å ha mink- eller revefarm.

Korleis er det no?

No er huset falleferdig og stygt. Det ligg hønsenetting, bur og anna utanfor huset. Når du kjem inn, er det to lange rader med bur på kvar side. I gamle skuffer oppå bura ligg det mange, mange mat- eller vatnskåler. Det ligg fullt av rot og søppel både utanfor og inni. Bur som dei fanga minkane med, ligg også rundt om kring. Som sagt ligg det i utkanten av ein skog, men likevel ligg det bortgjøymd slik at ingen ser det. Mange har kanskje også gløymd den vesle minkfarmen til Johannes. Men sonen hans, Kjartan, bur i eit hus nokre steinkast frå. Ja, for før i tida var mink- og rev farmar vanlege, mens no er det nesten ingen som driv det lenger her i kommunen.

CC BY-NC 4.0 Eit falleferdig hus på Haugen av anette_wichstrom er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anette Tonning Wichstrøm 2004
Kjelder: Munnleg informasjon frå Jan- Helge Tonning og Kjartan Hatløy
Kommune: Haugen