– Eg såg «Havørn» flaug for lågt!

Georg Risnes gløymer aldri det han som seksåring opplevde under Risnesnipa.
Vitne frå ulykkesdagen i 1936 kan fortelje at opplevinga sit som spikra att i minnet saman med krigen.
Det verste var at skodda den dagen gjorde at dei ikkje kunne sjå
kor det var, og kva som hadde skjedd. Berre lyden frå flyet som tok slutt inne i skodda, var gale nok. Smellet då flyet trefte Lifjellet, kjem dei aldri til å gløyme.
Plassering i kart
Frå leik til alvor.
6 år gamle Georg Risnes var med broren sin og leikeslost ute i tunet rett før «Havørn» passerte huset deira. Begge kunne med ein gong sjå at flyet passerte lågare enn nokon gong.
– Eg såg med ein gong at dette ikkje kunne gå. Det kunne berre gå gale så lågt det flaug.
Det gjekk ikkje lenge før flyet forsvann inn i skodda, og flyduren enda med eit stort smell.
Mjølka nær ulykkesstaden.
Georg var bekymra for ein ting. Faren hadde reist opp i nærleiken under fjellet for å mjølke kyrne tidlegare på dagen. Eldste bror hans reiste opp for å leite etter faren. Heldigvis gjekk alt bra, men faren kunne fortelje at han høyrde flydelar raste ned over fjellet. Dette er ei historie som hos han og hos mange andre sit igjen i tankane, og som ikkje kan vekkgløymast.
-
Georg Risnes gløymer aldri det han som seksåring opplevde under Risnesnipa. Foto: Kenneth Engdalcbn
– Eg såg «Havørn» flaug for lågt! av kenneth_engdal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.