Sidemeny+

Dyttingulykka

Posted on 6. feb 2004 by in Arbeidsliv

Foto: Håkon Haukøycbn

Idyll ved tjønna kan raskt verte trugande fåre når store nedbørsmengder kjem.

Dyttingulykka skjedde fordi vatnet i Høgtjønna gjekk over
demninga, og ho brast. Det førte til at to kvernhus
og ei bru lenger ned vart vaska vekk.

Plassering i kart

Trong for vasskraft

Det heile begynte med att bøndene i Dalsbygda som eigde utmarka, demde opp Høgtjønna for å få vatn til kvernhusa lenger nede i elva. Dei hadde ofte trong for det.
Demninga var laga av steinheller som var dytta med torv og småstein.
Det vart sett opp ei stor steinhelle som kunne regulere vassutsleppet.

Store nedbørsmengder

Dette gjekk fint heilt fram til ein dag det regna noko forferdeleg. Det var mykje vatn i tjønna frå før, so demninga vart for liten, og vatnet gjekk over.
Dette greidde ikkje demninga å halde, så ho raste saman, og vatnet fossa nedover.

Kvernhusa fer i flaumen

Lenger nede sto det to kvernhus som vart vaska rett vekk av grunnane då store vassmengder kom veltande.
Det var òg ei bru der som fôr med straumen.
Av kvernhusa står det berre grunnmurane att. Brua vart bygd opp att, men raste saman seinare.

CC BY-NC 4.0 Dyttingulykka av eirik_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Eirik Systaddal 2004
Kjelder: Munnleg informasjon frå Jonhild Systaddal
Kommune: Dalsheia