Den Trondhjemske Postveg

Gamle Foss bru.
Heilt frå 1660- åra har det vore sporadisk postferdelse på strekninga frå Bergen til Trondheim – i den tida da kongeriket var dansk-norsk. Den gongen var det fotfararar som pilegrimar og kongelege bodberarar som vandra den ruta. På grunn av at vegen blei stempla som direkte livsfårleg på grunn av rotne bruer og elles dårleg terreng, blei det 13.mai 1785 av kongen bestemt at postvegen skulle lagast. Grunnen var også vekefast postføring imellom dei to byane.
Plassering i kart
Postvegen i Hyllestad
Vegen i Hyllestad går mellom Leirvik og Skor og vart bygd tidleg på 1800- talet. Arbeidet vart leia av Christopher Johannes Hammer, ein legendarisk generalvegmeister.Anlegget var nokså omfattande og detaljert. Vegen skulle vere i eit godt rideterreng sidan postmannen sitt framkomstmiddel på den tida var hest. Nær vatnet skulle det helst ikkje vere, noko som er litt vanskeleg å få til på Vestlandet. Vegen og miljøet skulle i tillegg til alle krava vere til pryd, kanskje på grunn av at det skulle vere behagelig for forbipasserande å gå der, spesielt viss ein skulle gå frå Bergen til Trondheim, – det tok nemleg 18- 20 dagar å gå den lange strekninga.
Det var bøndene og småkårsfolket som blei sett til arbeidet, sjølv om dei fleste var langt frå frivillige. Arbeidet varte i 12 dagar, både om våren og hausten. Dessutan meinte dei at dei fann lita nytte i vegen, og spesielt urettferdig at dei måtte betale 4 skilling vegmeistertoll. Men dei hadde plikta hengjande over seg, så dei for alle saman med hakke og spade milevis enten i båt eller til fots. For eksempel måtte folk frå Losna, Skorpa, Porten/Storaker og Nesje til Staurdalsbrekka ovafor Leirvik for å halde vedlikehaldsplikta si.
Kulturminne
Minne vi i dag kan sjå frå då postvegen var i bruk, er: steinbruer og vakre vegskråningar – det er vegbyggekunst av edelt merke. Foss bru er eit av kulturminna vi har ifrå Den Trondhjemske Postvegen i dag. Brua er omkring 100 meter lang, og har 19 steinkar.
Det er og sagt at den brua i likheit med Ås bru vil stå til evig tid. Av Ås bru som òg stod ferdig 1806, står det berre igjen endekar og steinstøtter, blant anna ei med monogrammet til den dansk-norske kongen Christian 7.
Steinbryggja i Leirvik
Ein kan også sjå ei gammal steinbrygge i Leirvik. Bryggja var for postbåten som gikk over Sognefjorden. I dag er denne kaia ein del av miljøet kring Leirvik Kro.
- Skilt på Den Trondhjemske Postveg.
- Foss bru, som ligg litt utanfor Leirvik
Den Trondhjemske Postveg av stian_nessestrand er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.