Daglegliv på garden

Huset på Lireid. Personane på biletet er Helene og Anders Sognnes
På garden Lireid finst det mange eldgamle ting som sikkert vart brukt for minst 100 år sidan.
Ein god del av dette er det sikkert nokon av dykk som kjenner til frå før.
Plassering i kart
Kløvsal
Når mjølka skulle fraktast heim frå stølen, kunne det vere så tungt at gardsfolka måtte ha hjelp av hesten. Då hengde dei ein sal over hesteryggen der dei kunne festa mjølkespanna.
Forresten heiter det ikkje mjølkespann, men binne. Dette binnet vart festa på salen. Både binnet og salen var laga av tre.
Ølbrygging
Øl måtte dei ha på garden, både til høgtid og fest. Ein gamal, stor trestamp trongst då. Når dei var ferdige med å lage øl, slo dei det oppi ei form for kanne som var laga av tre; ei ølkjenge vart det kalla. No var det servering, og dei drakk ølet av var ein høg kopp av tre, ein ølbolle.
Skrinet med det rare i
Det finst også mange gamle kister på garden. Oppi desse ligg gamle bilete og klede. Desse kleda er over 100 år gamle. Eit gamalt teppe der vart kalla kristnateppe», og dei brukte det når nokon i familien skulle døypast. Då vart dei etter dåpen lagde på teppet eller tulla inn i det.
I gamle dagar brukte dei lamper i hus og fjøs. Ein sort vart kalla for kole.
Kolene vart brukt heilt til den dagen det kom straum til gards.
På kyrkjeveg
Før vegane kom her i Lifjorden, var det dei frå Lireid som rodde lifjordingane til kyrkja.
Men var der særs dårleg ver, fanst det ein liten smal sti som kunne nyttast.
Dyr og arbeid på garden
Hesten vart brukt til ymse arbeid på garden.
Han frakta folk til kyrkja, han sleit i skogen, og drog plog og harv over åkrane.
På garden før i tida hadde dei også kyr, sauer, gris og høns. No er det mest kyr, sauer og høns du kan finne , men det er sjeldan det er hestar på gardane.
Vatn frå Vetletjønna vart brukt til kvernhuset og til å få saga til å gå.
Slik måtte det vere når dei ikkje hadde straum.
Gardsprodukt
Etter dei hadde klypt ulla av sauen, kara og spann dei ullgarn, og så strikka dei klede, vottar og sokkar, vov sengeklede og teppe til vinteren og kulden kom.
Av mjølka fekk dei smør og fløyte. Ofte selde dei mjølka til dei som kom på besøk. Literprisen kunne vere kring 3 kroner.
-
Huset på Lireid.
Personane på biletet er Helene og Anders Sognnes Foto: Annlaug Sognnes cbn
Daglegliv på garden av ida_solheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.