Bunkersar i Hyllestad
På Myklebustneset står denne bunkersen, og han var lager for ammunisjon til den eine av to kanonar tyskarane hadde på neset
I Hyllestad har det vore bygd mange bunkersar av tyskarane. Dei fleste er anten rivne ned eller øydelagde, men nokon står att.
Plassering i kart
Bunkersane ved Myklebustneset
Det var mange bunkersar ved Myklebustneset ut mot fjorden. Der kunne tyskarane ligge på vakt i tilfelle dei engelske styrkane kom sjøvegen innover. Dei hadde laga til stillingar til maskingeværa, og viss britane skaut tilbake, brukte dei bunkersane som tilfluktsrom.
På Myklebustneset var det to kanoner, den eine var innsikta på båthamna i gamle Hyllestad, den andre mot fjorden. Kanonane var eit krigsbytte som tyskarane hadde tatt frå Frankrike.
Bunkersane i Svartedalen
I Svartedalen var det ideelt med bunkersar. Fjellet gav god dekning, og det var der tyskarane lagra ammunisjonen sin. I tilfelle dei vart skotne på, var dei og veldig gode til å søkje dekning i. Det var også laga til maskingeværstillingar slik som på Myklebustneset. Det kom aldri noko angrep i Hyllestad, og tyskarane fekk ikkje bruk for alle bunkersane dei hadde laga.
Bunkersane i dag
I dag er det ikkje mykje igjen av bunkersane slik som dei var under andre verdskrig. Dei fleste er anten i veldig dårleg stand eller heilt øydelagde. Mange plassar er det berre grunnmuren som står igjen, og kanskje det ikkje er noko i det heile tatt. Men det er faktisk nokon som ikkje har blitt heilt øydelagde i løpet av dei siste 60 åra.
Dei som for eksempel er i Svartedalen, må ein passe seg litt for. Det er eit hol på toppen på ein del av dei, og viss ein er uforsiktig, kan ein skade seg ganske ille.
Bunkersar i Hyllestad av kristian_bygnes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.