Sidemeny+

Blåfjellet

Posted on 4. feb 2004 by in Landskap, Ymse

Foto: Svein Hjelmeset juli 2003all-rights-reserved

Breidalen med Blåfjellet i bakgrunnen. Arnestadnakken i framgrunnen.

Blåfjellet er ein del av det naturlige skiljet mellom Gloppen og Hyen. Det reiser seg vilt i botnen av Breidalen, og namnet har det fått av den blå-svarte fjellsida, som dannar eit stupbratt heng frå toppen og ned mot Breidalen.

Plassering i kart

Blåfjellet

På den eine sida av Blåfjellet, inn i kråna i Breidalen, finn vi Høgglenna. Det er også den lågaste plassen på fjellet. Ein av vegane opp på Blåfjellet er opp Høgglenna. Men der ville eg ikkje gått utan ein lokal helt framfor meg. Det hadde du skjønt, hadde du sett korleis der er. Men det går an å gå der. På den andre sida finn vi Bussbær, Ongsdalsvegen og den bratte og smale Blåfjellsnøva, som er ein anna veg opp til fjellet. Det er også den mest vanlege vegen å gå.

Vegen opp er ikkje vanskeleg, men nokre plassar kan han vere litt hard. Det er likevel verkeleg verdt strevet. Vi startar å gå frå Gimmestadsstøylen, retning mot Breidalen. Vi går opp gjennom skogen, eller Vesleleitet som det heiter. Når vi kjem over den verste skogen, har vi nådd Vareleitet og den vesle hytta der. Her brukar det å ligge kyr på sommaren, men det gjev jo berre litt ekstra stemning. Vidare går vi over elva, forbi Tjønna, over steingarden og inn til Breidalsvatnet. Her kan vi også møte på dyr. Både kyr og sauer, og kanskje ein lemen inn imellom lyngen. No har vi altså nådd Breidalen, og har Blåfjellet rett framfor oss. Det er verkeleg vakkert, og betre skal det bli. Vi går rundt vatnet, og stigninga tek til når vi byrjar på Ongsdalsvegen. Den kan vere litt bratt, hard og kjedelig. Når vi kjem opp, kan vi sjå ned i Langedalen og Ongsdalen. Men vi er ikkje heilt oppe enda. No er det Blåfjellsnøva neste. Og har du ekstrem høgdeskrekk, foreslår eg ikkje dette. Her er det høgt ned til alle kantar. Ein kjenner at hjertet begynner å slå fortare når ein går opp her. Når vi har gått opp Blåfjellsnøva, er vi på Blåfjellet. Og viss vi går litt bortover fjellet, til vi er omlag midt på, har vi litt av ein utsikt. Det er heilt utruleg. Vi kan sjå langt. Gjengdalsmarka i sør, Måsevassdalen, Blådalen og Føsselvedalen i aust. Sunnmørsalpane i nord. I vest ser vi ikkje så mykje, på grunn av Salen, som er høgare enn Blåfjellet. Og sjølv om vi er midt opp på eit fjell, så finns her også dyreliv. Kurrande rype, sauer frå Gjengedalen og kanskje ein hare som snusar omkring.

Når vi skal ned igjen kan vi gå same vegen tilbake, eller vi kan gå bort på Salen, ned Salshilla og ned i Vesledalen. Vidare ned Vesledalsbakken, og då er vi nede på Vareleitet igjen. Deretter er det berre å gå same vegen tilbake på støylen.

Dette er ein fantastisk tur. Sjølv om litt av den er litt hard, så er det verkeleg verdt det. Eg har berre tre tips. Likar du å jakte på fugl, er hagla fin å ha med seg. For der er litt av eit rypeliv. Ha med deg godt med klede, sjølv om sola steiker, for her kan været forandre seg fort. Og om det er første gongen du går her, ville eg gått ilag med ein som er kjend i terrenget.
God Tur!

CC BY-NC 4.0 Blåfjellet av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ann-Christin Gimmestad 9a 2004
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU