Sidemeny+

Bjørnejakt i Gloppen 1902.

Posted on 13. feb 2004 by in Dyreliv

Foto: Lyslocbn

Tre stolte jegerar frå 1902. Frå venstre:Steffen Elvebakk (1870-1938), Johan Fitje (1876-1965), og Kristen Henden (1875-1937) Bildet er teke der Prixhjørnet på Sandane ligg i dag.

Mellom 1901 og 1902 var det i området mellom Breim – Sørstranda og Hyendalen i Gloppen observert ein bjørnefamilie på fem dyr. Denne historia er over 100 år gammal. Kristen Henden var ein av dei som var med på jakta. Han har fortalt om jakta. Ein fjern slektning av Kristen, Ole Eide, har i dag gjennfortalt historia og lagt ved bilde av dei felte bjørnane.

Plassering i kart

Bjørnejakt
Denne bjørnehistoria frå Gloppen er no over 100 år gammal. Det var i 1902 vi kunne lese i avisa Norfjord at «Ein bjørnefamilie på 5 medlemmer har i længre tid herjet på Sydstranda i Gloppen». Kristen Henden som var med på bjørnejakta, fortalde om denne jakta i bladet Den 7de juni fire år seinare, og det er litt av hans forteljing du kan lese her.

I 1901 og 1902 var strøket mellom Breim, Sydstranda i Gloppen og østre Hyendalen tilhaldsstad for ein bjørnefamilie på 5 dyr. Det var svært vanskeleg for jegerane å få skote bjørnane så dei kunne heve ein skotpremie på 100 kr for kvart dyr.

Våren 1902 hadde bjørnefamilien stadig halde seg i Sørstrandsfjella, men alltid greidde dei å gøyme seg for jegerane.
Ein av dei siste dagane i mai fekk Kristen Henden ein telefon frå Rygg. Bjørnane hadde herja om natta i Sandstranda.
No skulle det jaktast!
Det var imidlertid for få jegerar til og ligge på post og vente.
Eg måtte snarest muleg få med meg Steffen Elvebakk og Johan Fitje.

Sjølve jakta
Dei starta tidleg om morgonen kl.04.00 frå Sande. Når dei hadde gått eit stykke, såg dei 2 små og to store bjørnar. Dei følgde spora oppover fjellsida heilt til toppen av fjellet. Når dei kika etter dyra, oppdaga dei bjørnane litt langt nede. Det var stor avstand, men dei ville prøve å skyte likevel. Då det small, stansa bjørnane, gjorde ei brå vending og sette i skrå retning oppover. Dei hadde skote over bjørnane som etter ei stund stoppa i eit kratt. Ei ny salve vart avfyrt og ein av dei store bjørnane trilla rundt. Dei fire dyra kom no imot dei og to av dei vart skotne.
Jaktlaget som no hadde felt 3 bjørnar, tok seg ned til garden Eikenæs. Neste morgon fekk dei med seg to friske karar og meir ammunisjon. Den store bjørnen såg dei, men dei greidde ikkje å skyte han.
Bjørnane vart frakta til bankkjellaren på Sandane. Dagen etter -søndag ? vart bjørnane stilt ut for et skuelysten publikum.
Nokre få bjørnar vart skotne i Gloppen fram til 1910.

CC BY-NC 4.0 Bjørnejakt i Gloppen 1902. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ole og Patrick 9c 2003