Barsok
To stølar på Dalsheia.
Barsok er natta mellom den 23. og den 24. august.
Då forlet alltid budeiene stølane slik at huldrene
kunne få bu der.
Plassering i kart
Stølsfolket reiser
Natta mellom 23. og 24. august, barsok, var det vanleg at stølsfolket
reiste ned igjen fordi då skulle huldrene ha stølane.
Men ein gong seint på attenhundretalet, var det at to budeier ville
bli igjen på Dalsheia den natta.
Det var slik ein nydeleg dag den gongen, så budeiene bestemte seg for
å overnatte der ei natt ekstra, men då i same støl for å vere sikker på at huldrene ikkje tok dei.
Budeiene vert ottefulle
Det lei på kveld og styggevêret kom inn over heia.
Budeiene vart redde og bestemte seg for å legge seg tidleg. Men dei fekk ikkje sove, og då det var på det mørkaste, rundt midnatt, høyrde dei ei unaturleg dunking på veggen.
Dunkinga helt på heile natta, og då det lei på morgon, høyrde dei ei skraping på døra før det lysna og lydane forsvann.
Om morgonen gjekk dei ut for å sjå etter folk, i tilfelle nokon hadde tulla med dei, men dei fann ingen ting.
Barsok av eirik_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.